Now hiring

Lønsansvarleg - 100% fast @ Vinje kommune

VinjeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ynskjer du å utvikle deg fagleg innan lønsfaget, og vera ein viktig ressurs i ein organisasjon i stadig utvikling? Som lønsansvarleg i Vinje kommune får du ei sentral rolle i Vest-Telemarks største arbeidsplass. Hos oss blir du ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø i økonomiavdelinga, der læring, samarbeid og kontinuerleg forbetring står i fokus. Me ynskjer å leggje til rette for at du kan utvikle både fagkunnskap og erfaring, samstundes som du bidreg til å vidareutvikle og effektivisere arbeidsprosessane innan lønsområdet og grensesnittet mot rekneskap og HR.Som lønsansvarleg får du arbeide med komplekse og varierte problemstillingar, halde deg oppdatert på regelverk, og bidra til utvikling av gode rutinar og digitale løysingar. Du får høve til å påverke eigen arbeidskvardag, bygge spesialkompetanse og vere ein sentral fagperson for heile organisasjonen. Økonomiavdelinga består av sju medarbeidarar med brei kompetanse innan løn, rekneskap, fakturering og økonomisk rådgiving. Me samarbeider tett, deler kunnskap og legg til rette for fagleg utvikling på tvers av ansvarsområda og tenesteområda. Velkomen med på laget!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores