About this role
På Rauland har me ledige helgestillingar kvar tredje helg, både vikariat og faste frå dags dato.I heimetenesta på Rauland får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter menneske i ulike livssituasjonar og byggjer relasjonar. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag. Heimetenesta på Rauland gir heilskaplege helse- og omsorgstenester til både heimebuande i eigne bustader og omsorgsbustader, samt bebuarar ved omsorgssenteret, som har opptil 15 plassar. Dette gir stor fagleg variasjon og spennande utfordringar i kvardagen.Me arbeider tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen.Stillinga inngår i årsturnus.Me har også behov for deg som kan ta vakter på anretnings-kjøkkenet vårt. Kanskje har du nyleg gått av med pensjon, og ynskjer å ta nokre vakter innimellom når me har behov?Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid.