Now hiring

Overlege ved Psykosepoliklinikk FACT Øyane DPS @ Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

StraumeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi lyser ut overlegestilling på Psykosepoliklinikk FACT. Vi ser etter deg som er fagleg engasjert og som har lyst på ein spennande jobb ved Psykosepoliklinikk FACT på Øyane DPS. Her får du moglegheit til å vere ein del av eit tverrfagleg team med fokus på god samhandling, fagleg utvikling og langvarig behandling av pasientar. Vi søker etter deg som er overlege som har eit engasjement for målgruppa vår. Du er fleksibel, liker å jobbe ambulant og ser moglegheiter i samarbeid med andre aktørar i helsetenesta og i pasientane sine nettverk. Vi ønsker at du skal bidra med vidareutviklinga av psykosefeltet på Øyane DPS, og du vil kunne vere med å utforme behandlingstilbodet. Vi reknar det som viktig å vere både lydhøyr og fleksibel, og kan tilby konkurransedyktige vilkår. Psykosepoliklinikk FACT arbeider etter FACT modellen. Arbeidet vil derfor både innebere polikliniske og ambulerande oppgåver. Teamet ivaretar polikliniske oppgåver som utgreiing, diagnostisering og behandling av alle pasientar med psykoseliding eller mistanke om psykose. Seksjonen er godkjend for tvungen psykisk helsevern utan døgn. Teamet jobbbar tverrfagleg og er sett saman av psykiater, LIS3, psykologspesialist, psykolog, psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar, merkantil konsulent, erfaringskonsulent, musikkterapeut og IPS jobbspesialist.Ved særskilde behov kan det vere aktuelt med arbeidsoppgåver innan dei andre delane av tilbodet ved Øyane DPS. LIS i slutten av spesialiseringsløp oppfordres til å søke.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores