Now hiring

Sosionom @ Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

Nesttun, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Klinisk sosionom, fast stilling ved BUP FanaEr du klinisk sosionom eller sosionom med vidareutdanning og ønsker jobb i eit fagleg sterkt og engasjert miljø? Ved BUP Fana har vi ledig fast stilling frå januar 2027.Om ossBUP Fana er ein av sju poliklinikkar i Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU). Vi held til sentralt på Nesttun, samlokalisert med BUP Ytrebygda. Opptaksområdet vårt omfattar Austevoll og Fana byområde i Bergen. Poliklinikken har 24 fagårsverk, inkludert tyngdepunktfunksjon for behandling av spiseforstyrringar, Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse og ei stilling knytta til Tverrfagleg helsekartlegging.

Fagmiljø og behandlingstilbodHos oss møter du engasjerte og erfarne kollegaer. Vi tilbyr mellom anna: IIP-gruppe, FBT-team, traumebehandling med erfarne terapeutar, EFST-grupper tilpassa spesialisthelsetenesta og eige team for utgreiing av autisme. Dei siste åra har vi hatt særleg fokus på barn og unge med nevroutviklingsforstyrringar, vi har etablert IPS i samarbeid med NAV og arbeider tett opp mot både kommunale tenester og Barnevernsinstitusjonane i opptaksområdet vårt. Vår tilnærmingVi er opptatt av fagleg kvalitet, effektiv bruk av ressursar og godt samarbeid – både internt og med eksterne aktørar.

Vi søker deg som ønsker å bidra inn i tverrfagleg team med spesifikk kompetanse som sosionom og som er engasjert i å finne gode løysingar for spesialisthelsetenesta i møte med aukande behov i befolkninga. Krav til stillingaVed tilbod om stilling må du leggje fram tilfredsstillande politiattest i samsvar med helsepersonellova § 20a (arbeid med barn og utviklingshemma).

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores