About this role
Vil du vere med å bidra til tryggleik, rehabilitering og utvikling innan sikkerheitspsykiatri? Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerte i april 2026 ei ny lukka sengepost med åtte senger i Sandviken-området. Sengeposten tilbyr spesialisert behandling til pasientar i eit sikkerheitspsykiatrisk behandlingsforløp, med særleg fokus på tryggleik, stabilisering, rehabilitering og gradvis tilbakeføring til eit lågare omsorgsnivå. Sidan oppstart har sengeposten bygd opp eit solid fagmiljø med høg fagkompetanse og god fagdekning gjennom heile døgnet. Medarbeidarane er kjenneteikna av fagleg engasjement, samarbeid og eit felles mål om å skape best mogleg behandling og utvikling for pasientane våre.
Fagfeltet er i kontinuerleg utvikling, og vi søker deg som ønsker å vere med på å vidareutvikle eit viktig behandlingstilbod.Vi har ein ledig 25% fast helgestilling på natt for sjukepleiar/vernepleiarStillinga er primært organisert med langvakter om lag kvar fjerde helg (fredag, laurdag og søndag). Ønskt tiltreding er januar 2027.Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.