About this role
Nordahl Grieg videregående skole er ein skole i Ytrebygda bydel i Bergen. Skolen stod ferdig i august 2010 og gir plass til 970 elevar og om lag 160 tilsette.Det er eit mål å skape eit vekstmiljø for kunnskap, kreativitet og innovasjon. Den arkitektoniske utforminga av skolen samspelar med ei leiar- og lærarrolle som byggjer på eit sosiokulturelt læringssyn. Areala er transparente, fleksible og krev god samhandling.Visjonen til skolen er ”Dristige hjerner i samspill”. Nordahl Grieg videregående skole tek mål av seg til å vera ein føregangsskole i bruk av digital læringsteknologi, noko som endrar undervisning og læring på grunnleggjande måtar. Skolen har høgt fokus på bærekraft.Skolen har desse utdanningsprogramma: Studiespesialiserande, Medium og kommunikasjon og Helse- og oppvekstfag. Skolen har og avdeling for Tilrettelagt opplæring og avdeling Sykehusskolen. Avdeling Sykehusskolen er lokalisert i Glasblokkene på Haukeland sykehus. Skolen er ressurskule for døve og hørselshemma.Skolen ønskjer å bevare eit levande teiknspråkleg miljø, og oppmodar personar med nedsett hørsel til å søkje stillingar hos oss.