About this role
Har du lyst på ei annleis og spennande utfordring i 2027?Har du agronomutdanning, pedagogisk utdanning eller relevant arbeidserfaring og/eller interesse for jordbruk, formidling og/eller klima? Vil du lære om andre kulturar, og er motivert til å bu ein periode i utlandet? Då bør du lese vidare!Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland har støtte frå NOREC (Norwegian Agency for Exchange Cooperation, tidlegare Norsk Fredskorps) til å koordinere eit spennande utvekslingsprosjekt i samarbeid med Stiftelsen Nyenga i Uganda. Det er søkt om forlenging av prosjektet, og med atterhald om finansiering søkjer vi etter to prosjektdeltakarar.Prosjektet fokuserer på å tilpasse matproduksjonen til klimaendringar, utvikle skulehagar og organisere opplæringsprogram for bønder og studentar, inkludert feltopplæring og demonstrasjonar av prosjektresultat.Fire unge vaksne, to frå Noreg og to frå Uganda, deltek i utvekslingsprogrammet i løpet av vekstsesongane i Noreg og Uganda. Prosjektet startar i januar 2026 og varer i 14 månader, inkludert to månader med etterarbeid.Førebels er utvekslingsopphalda fordelt slik:Januar: Førebuande kulturutvekslingsprogram i Nairobi, KenyaJanuar til april: Nyenga, UgandaApril til september: SJH i Aurland, NoregSeptember til desember: Nyenga, UgandaJanuar og februar: Etterarbeid (formidling og føredrag i Noreg)