Now hiring

Miljøarbeidar @ Vestland fylkeskommune

NordicsOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Nordahl Grieg videregående skole er ein skole i Ytrebygda bydel i Bergen. Skolen stod ferdig i august 2010 og gir plass til 970 elevar og om lag 160 tilsette.Det er eit mål å skape eit vekstmiljø for kunnskap, kreativitet og innovasjon. Den arkitektoniske utforminga av skolen samspelar med ei leiar- og lærarrolle som byggjer på eit sosiokulturelt læringssyn. Areala er transparente, fleksible og krev god samhandling.Visjonen til skolen er ”Dristige hjerner i samspill”. Nordahl Grieg videregående skole tek mål av seg til å vera ein føregangsskole i bruk av digital læringsteknologi, noko som endrar undervisning og læring på grunnleggjande måtar. Skolen har høgt fokus på bærekraft.Skolen har desse utdanningsprogramma: Studiespesialiserande, Medium og kommunikasjon og Helse- og oppvekstfag. Skolen har og avdeling for Tilrettelagt opplæring og avdeling Sykehusskolen. Avdeling Sykehusskolen er lokalisert i Glasblokkene på Haukeland sykehus. Skolen er ressursskole for døve og hørselshemma.Skolen ønskjer å bevare eit levande teiknspråkleg miljø, og oppmodar personar med nedsett hørsel til å søkje stillingar hos oss. Tilrettelagt avdeling på Nordahl Grieg vgs gjev tilpassa opplæring i grupper med redusert elevtal. Utdanningsløpet fører fram til grunnkompetanse, dvs at ein jobbar med forenkla og redusert antal kompetansemål ut frå elevene sine forutsetningar og potensiale (IOP) og på denne måten utrustar den enkelte til å meistre eit arbeidsliv og daglegliv etter endt skuleløp. Løpet vil i hovudsak ikkje kvalifisere for eit vitnemål med karakterar, men i eit kompetansebevis som viser eleven sin kompetanse i dei utvaldemåla og fagområda.I haust oppretta skolen ei ny avdeling for Kvardagsliv HTH. I tillegg har vi ei stor avdeling for arbeidstrening HTA.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores