About this role
Bybanen er ryggrada i kollektivsystemet i Bergen og ei sentral drivkraft i utviklinga av byen. No søkjer vi ein erfaren prosjektleiar som vil vere med på å realisere byggetrinn 5, Bybanen til Åsane, og andre spennande oppgåver i Bybanen Utbygging.Stillinga ligg til seksjonen Bybanen Utbygging, som er ein del av avdelinga Eigedom og utbygging i Vestland fylkeskommune. Dette er stillinga for deg som trivst med å arbeide med komplekse løysingar i eit høgkompetent fagmiljø, og bidra til å sette varige spor i Bergen. Arbeidsstad er Vestlandshuset, eit topp moderne kontorlokale midt i Bergen sentrum.