Now hiring

Bioingeniør - vikariat @ Helse Bergen HF, Laboratorieklinikken

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Biobank Haukeland er ein sjølvstendig seksjon i Laboratorieklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Vi tilbyr biobanking og forskingsstøtte til interne og eksterne forskingsmiljø, og er ein viktig samarbeidspartnar for forsking ved sjukehuset. Seksjonen består av ni engasjerte medarbeidarar, og vi søker no etter ein vikar i samband med svangerskapspermisjon. Biobank Haukeland spelar ei sentral rolle i forskinga ved Haukeland Universitetssjukehus. Vi disponerer moderne og avansert utstyr for biobanking, og samarbeider tett med dei andre avdelingane i Laboratorieklinikken for å tilby heilskaplege løysingar innan forskingsstøtte, prosjektarbeid og biobanking integrert i sjukehuslogistikken. Vi har eit breitt nettverk av samarbeidspartnarar og deltar i det nasjonale konsortiet for biobanker, Biobank Norge. Målet vårt er å sikre høg kvalitet på forskingsprøvar og analysar gjennom rådgjeving, tilrettelegging, prøvehandtering og trygg lagring av biologisk materiale. Vi ser etter deg som er engasjert, strukturert og løysningsorientert. Du trivst med varierte arbeidsoppgåver, arbeider sjølvstendig og tek ansvar, samtidig som du er ein god lagspelar. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit fagleg sterkt miljø, der kvalitet, samarbeid og service står i sentrum. Du blir ein del av eit team som legg til rette for viktig forsking og kunnskapsutvikling til nytte for pasientar og helsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores