About this role
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 3 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest, og RELIS.Vi utfører ei rekkje analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi, og har moderne analyseinstrument. I tillegg til ei omfattande rutinedrift som inneber døgnkontinuerleg vaktordning blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.Preanalytisk seksjon er den største seksjonen ved MBF og har mellom 40 og 50 bioingeniørar og helsesekretærar knytt til seksjonen til ei kvar tid. Prøvetakinga blir utført ved vår poliklinikk på sjukehuset samt i vår prøvetakingsstasjon i Bergen sentrum og i Nordhordaland. Seksjonen har også ansvar for mottak, registrering og fordeling av prøver til MBF og andre laboratorium ved sjukehuset. Store delar av prøvefordelinga er automatisert. I tillegg har seksjonen ansvar for alle kontorfaglege oppgåver som blir utført ved laboratoriet, samt oppgåver knytta til prosjekt.Vi lyser no ut vikariat for stilling som fagbioingeniør for perioden 12.10.26 - 30.07.27 med moglegheit for forlenging på Preanalytisk seksjon i samband med utrullinga av desentral prøvetaking i Helse Bergen.