About this role
Ved Kreftklinikken, Haukeland universitetssjukehus, er det ledig ei stilling som PhD-stipendiat innan medisinsk fysikk. Stillinga er 100% over tre år. For interne kandidatar kan ein kombinasjon mellom forsking og klinikk drøftast.Stillinga er knytt til Toppforsk-prosjektet BioPrecise Protons (2026–2034) finansiert av Noregs Forskingsråd, og blir utført i tett samarbeid med Universitetet i Bergen. BioPrecise Protons er eit omfattande forskingsprosjekt som har som mål å auke presisjonen i protonterapi gjennom betre forståing av biologisk effekt og meir presis doselevering. Prosjektet kombinerer avanserte simuleringar, prekliniske studiar og utvikling av ny teknologi for å betre behandlinga av kreftpasientar.Om arbeidsplassen Kreftklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er ein leiande aktør innan kreftbehandling og forsking i Noreg. Protonterapi vart etablert i Bergen i 2025 og representerer eit viktig satsingsområde for framtidas kreftbehandling.