Now hiring

Kontaktperson i barnevernstenesta - 100% vikariat ut 2027 @ Sula kommune

LangevågOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og gjere ein forskjell for barn, unge og familiar?I Sula kommune jobbar vi etter visjonen «Vilje til å lukkast saman». No søkjer vi ein engasjert medarbeidar til eit vikariat i barnevernstenesta, der du får vere del av eit fagmiljø som arbeider for trygge oppvekstvilkår for barn og unge. Tiltakseining for barn og unge (TBU), fagområde Barnevern, har ledig 100 % vikariat som kontaktperson med oppstart så snart som mogleg. Tiltakseining for barn og unge (TBU) består av barnevern, helsestasjon og PPT. Barneverntenesta har avdelingsleiar og er organisert i to team; undersøking/tiltak og omsorg/ettervern. Vikariatet er knytt til team undersøking/tiltak. Intervju blir gjennomført fortløpande i utlysningsperioda. Den som blir tilsett må ha førarkort og kunne nytte eigen bil. Vi forventar at den som blir tilsett arbeider i tråd med Sula kommune sin BTI-rettleiar (Betre Tverrfagleg Innsats) og tek aktiv del i tverrfagleg samarbeid rundt barn, unge og familiar. Hos oss får du arbeide i eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med stor variasjon i arbeidsoppgåver, høg grad av samarbeid og moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene våre.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores