Now hiring

Geilneset har ledige nattevaktstillingar. @ Sula kommune

LangevågOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du ein som har eit stort hjarte for å jobbe med menneske og vil bidra med å gjere dagane god for dei som trenger støtte og hjelp i kvardagane. Kanskje er du vår nye kollega?Vi skal styrke vår faglege kompetanse og søkjer engasjerte, dyktige og robuste medarbeidarar- og søkjer deg med autorisasjon som helsefagarbeidar.Som tilsett i Bu- og aktivitetstenesta har du ansvar for å sikre at vi gir fagleg forsvarlege tenester til våre tenestemottakarar. I vår eining får du samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer med varierande kompetansebakgrunn. Du vil få faglege utfordringar og arbeidsoppgåver i ei eining i utvikling. Vi tilbyr fadderordning og god opplæring.Vi har ledig:Geilneset 11:1x 84% fast nattevaktstilling som autorisert helsefagarbeidar. Stillinga er ledig frå snarast.1x 84 % vikariat på natt som autorisert helsefagarbeidar. Ledig frå snarast og til og med 22.08.27. Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.Geilneset 11 er ei avdeling som gir heildøgnstilbod til menneske med samansette funksjonsvariasjonar i bustadar for vaksne. Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Arbeidstida er lagt til ein fast turnus på natt med 10,5- timarsvakter og arbeid kvar 3. helg.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores