About this role
Sula kommune er ei framtidsretta kommune som ligg sentralt plassert like utanfor Ålesund. Her er vi tett på storbyen, men likevel med nærleik til fjord, fjell og gode oppvekstvilkår. Sula kommune er ein nynorskkommune.Sula ungdomsskule er den einaste ungdomsskulen i kommunen og er plassert i Langevåg, tett på kommuneleiinga. Dette skuleåret har vi om lag 420 elevar og 60 tilsette. Vi er ein MOT-skule som set mennesket i sentrum og har med oss lokalsamfunnet på laget. Visjonen vår er "aktiv og inkluderande ", der innovasjon og nyskaping går hand i hand med trivsel, tryggleik og meistringstru. Sula ungdomsskule er sertifisert som dysleksivenleg. Som BTI kommune har skulen eit nært og godt tverrfagleg samarbeid med andre viktige faginstansar.Grunna permisjon har vi i tidsrommet medio november og ut skuleåret 2026/2027 ledig ei 100% stilling ved skulen. Vi søkjer ein engasjert og dyktig lærar. Du vil vere ein del av eit profesjonsfellesskap som arbeider for å gje elevane best mogleg læring og utvikling.