About this role
Helse Vest IKT leverer teknologi- og plattformtenester som understøttar spesialisthelsetenesta på Vestlandet. I avdelinga Sky bygger og vidareutviklar vi ei hybrid skyplattform som gir sjukehusa ei trygg, moderne og effektiv plattform for dagens og framtidas behov.No søker vi ein infrastrukturspesialist som vil vere med å utvikle skyplattforma vår. Du blir ein del av Datasenter-teamet, som har ansvar for datasenter, nettverk, lagring og den underliggande infrastrukturen skyplattforma byggjer på.Hos oss blir du ein del av eit breitt fagmiljø der datasenter, nettverk, Kubernetes, automatisering og offentleg sky blir levert som éi samla skyplattform. Vi jobbar i produktorienterte team med høg grad av eigarskap, samarbeid og kontinuerleg forbetring.Vi ser etter deg som brenn for datasenter, likar å automatisere og forenkle, og som ønsker å vere med og forme framtidas plattformtenester. Hos oss får du jobbe med infrastruktur som er avgjerande for pasientbehandlinga i Helse Vest, saman med dyktige kollegaer i eit miljø prega av tillit, kunnskapsdeling og kontinuerleg læring.Arbeidsstad er i Stavanger eller i Bergen.