About this role
Vil du leie eit av dei mest sentrale områda for digital arbeidsflate i spesialisthelsetenesta?Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til sjukehusa i Helse Vest og bidreg til at helsepersonell har teknologi som støttar trygg og effektiv pasientbehandling. No søkjer vi ein erfaren leiar til stillinga som avdelingsleiar for Avdeling sluttbrukarutstyr. Avdelinga har eit sentralt ansvar for å levere og forvalte standardisert IKT-sluttbrukarutstyr til medarbeidarane i helseføretaka, og for å vidareutvikle tenestene knytte til dette. Gjennom sikre, stabile og effektive tenester skal avdelinga bidra til at klinisk og administrativ verksemd har tilgang til moderne arbeidsverktøy som understøttar pasientbehandling og drift.Vi søkjer ein avdelingsleiar som kan kombinere strategisk forståing med operativ gjennomføring, og som evnar å skape retning, samhandling og resultat. Du vil leie gjennom leiarar og ha ansvar for tenester som dagleg blir nytta av tusenvis av medarbeidarar i regionen. Du får ei sentral rolle i å sikre heilskapleg styring og vidareutvikling av området sluttbrukarutstyr – frå anskaffing og livssyklusforvaltning til utrulling, lokal brukarstøtte og kontinuerleg forbetring.Vi ønskjer at du i søknaden beskriv kva som motiverer deg for stillinga, og korleis du vil bidra til å vidareutvikle tenestene og organisasjonen til beste for sjukehusa. Stillinga rapporterer til divisjonsleiar og inngår i leiinga i divisjonen. Arbeidsstad er Bergen, Stavanger, Haugesund eller Førde.