Now hiring

Applikasjonsspesialist T-DOC @ Helse Vest IKT

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Teknologi med meining – bli vår nye applikasjonsspesialistHelse Vest IKT er ei av dei største IKT-verksemdene på Vestlandet og leverer digitale løysingar til sjukehusa i Helse Vest. Medarbeidarane våre arbeider kvar dag for å støtte pasientbehandling, forsking og administrative prosessar gjennom sikre, innovative og brukartilpassa IKT-tenester.Vi søkjer no etter to applikasjonsspesialistar til fagområdet Fagjournal. Som applikasjonsspesialist får du vere med på å forvalte og vidareutvikle løysingar som er sentrale for pasientbehandlinga i sjukehusa i Helse Vest. Stillingane er plasserte i avdelinga Kliniske fag og støttetenester i divisjonen System- og informasjonsforvaltning.Fagområdet Fagjournal består av om lag 29 medarbeidarar, fordelt på arbeidsstadene Bergen, Haugesund, Stavanger og Førde. Vi er stolte av å ha eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø prega av høg fagleg kompetanse, engasjement og samarbeid på tvers av lokasjonar og fagområde. Hos oss møter du hyggjelege og dyktige kollegaer som gjerne deler kunnskap og erfaringar. Vi legg vekt på at det skal vere låg terskel for å spørje om hjelp, slik at vi saman finn gode løysingar og utviklar oss fagleg. Her blir du ein del av eit kompetent fagmiljø som arbeider med samfunnskritiske løysingar og som er opptatt av kontinuerleg læring, samarbeid og utvikling. Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å bidra til framtidas digitale helsetenester i Helse Vest.Arbeidstad for stillingane; Bergen.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores