Now hiring

Helgevakt på C1 Bjørgvin DPS i 14% stilling @ Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

TertnesOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS) er ein moderne og veldriven klinikk i Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken gir spesialisthelsetenester til bydelane Åsane og Arna i Bergen, Osterøy kommune og kommunane i Nordhordland.Seksjon C1 på Tertnes er ein allmennpsykiatrisk døgnseksjon med 15 sengeplassar, fordelt på 5- og 7-døgnstilbod. Vi behandlar vaksne pasientar med ulike psykiske lidingar og har eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på gode pasientforløp, samarbeid og fagleg utvikling.Vi søker no to helgevakter i 14% stilling:Éi fast stilling med oppstart 1. november 2026Eit vikariat ut 2026, med moglegheit for forlenging, og oppstart snarast moglegStillingane inneber per i dag arbeid kvar tredje helg.Dette kan vere ei svært ettertraktet stilling for deg som er student innan helse- og sosialfag og ønsker relevant arbeidserfaring frå psykisk helsevern. Som helgevakt blir du ein del av det faste miljøet i seksjonen og arbeider saman med erfarne kollegaer frå ulike faggrupper. Det er gode moglegheiter for ekstravakter utover den faste stillingsprosenten, både på vekedagar, i helger, feriar og høgtider. Det vil også vere gode moglegheiter for sommarjobb hos oss sommaren 2027.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores