About this role
Avdeling for barnemedisin og habilitering omfattar barne- og ungdomsavdelingane og barnehabiliteringstenesta i føretaket. Ved SNR Hjelset er det sengepost, dagbehandling og poliklinikk og habiliteringseiningfor barn og ungdom i alderen 0-18 år. Avdeling for barnemedisin og habilitering har behov for å styrkje bemanninga ved sjukehuset med ein spesialist innan pediatri. Vi søkjer etter 1 vaktkompetent spesialist, med oppstart snarast. Barn flyttet inn i det nye og morderne sjukehuset i Nordmøre og Romsdal (SNR) 02.06.25. Det nye akuttsjukehuset er plassert på Hjelset i Molde kommune. Det er felles fødeavdeling med ca 900 fødslar/år. I Kristiansund er det enkelte dagar tilbod til barn og ungdom med poliklinikk og dagbehandling. Den som vert tilsett må rekne med fast arbeidsstad ved SNR, med moglegheit å arbeide enkelte dagar i Kristiansund. Du vil møte ein spanande arbeidsplass, med mykje aktivitet knytt til framtidsplanar og utvikling. Du vil verte inkludert i eit godt arbeidsmiljø! Du vil vere omgitt av flott natur med mange turmål til fjells og langs kysten. Vi kan óg friste med eit rikt kulturliv! Høyrest dette fristande ut? Ta kontakt – og velkomen som søkjar! Arbeidsoppgåver Generell pediatri i sengepost og poliklinikk med vaktarbeid på sengepost Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege og norsk spesialistgodkjenning innan pediatri God kunnskap i norsk/nordisk språk, skriftleg og munnleg Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Personlege eigenskapar Du har gode evner til samarbeid og kommunikasjon Du er sjølvstendig, fleksibel og har evner til å kunne ta ansvar Du er motivert for fagleg utvikling Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. KontaktinformasjonMari Elise Morch, konstituert seksjonsleiar, [email protected] Siv Helen Kristoffersen, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 2 6450 HJELSET Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5156351447 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 18.08.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal