About this role
Er du sjukepleiar/spesialsjukepleiar med interesse for lunge, fordøying og indremedisin? Ser du etter ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø? Då søker vi nettopp deg til sengeposten vår på SNR! Tryggleik, respekt, kvalitet og trivsel er kjerneverdiar i vårt daglege arbeid, i møte med pasientar, pårørande og i samarbeid med kollegaer. Vi er ein sengepost med fokus på høg fagleg kvalitet og eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vi jobber saman i team der vi lærer av kvarandre og gjer kvarandre gode. Fagutvikling er i fokus, og vi legg opp til eigne fagdager i turnus for alle tilsette. Vi har i utgangspunktet tredelt turnus, men vi vil legge til rette for at tilsette kan kome med ønsker for eigen turnusplan. Vi tilbyr også langvakter med arbeid kvar fjerde helg for dei som ønsker det. Som tilsett hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. Du får jobbe i eit nytt, moderne og framtidsretta sjukehus. Nye digitale arbeidsverktøy og konsept bidrar både til økt pasientryggleik og bedre arbeidsflyt. Høyrast dette spennande ut? Send oss ein søknad og bli med på laget! Sjekk instagram @medisin2.snr for eit innblikk i arbeidskvardagen vår! Arbeidsoppgåver Sjukepleie til akutte og kroniske sjuke pasientar Sjukepleieadministrative oppgåver Legemiddelhandtering Arbeid i team rundt pasienten Kontinuerleg forbetringsarbeid Rettleiing av studentar og kollegaer Samhandling med kommunar Kvalifikasjonar Autorisert sjukepleiar Sjukepleiar med videreutdanning innan lunge, fordøyelse, nyre eller diabetes er ønskeleg Meistrar norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er positiv og har gode samarbeidsevner Du arbeider både sjølvstendig og i team Du er motivert for å utføre varierte arbeidsoppgåver Du bidreg til fagleg utvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid Du er ansvarsbevisst Du er påliteleg og lojal Du er løysingsorientert Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Eit godt og positivt arbeidsmiljø Dyktige og engasjerte medarbeidarar Spanande og varierte arbeidsoppgåver Faglege utfordringar Fagutvikling og kompetanseheving Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her . Kontaktinformasjon Mathilde Stranden, Seksjonsleiar, +47 71 11 69 92, [email protected] Arbeidsstad Opdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5173797472 Stillingsprosent: 100, 90, 80% Fast Startdato: 02.11.2026 Søknadsfrist: 20.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal