Now hiring

Seksjonsleiar Akutt 24 @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF SJUKEHUSET NORDMØRE OG ROMSDAL HJELSET - SOMATIKK

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du vår nye seksjonsleiar ved Akutt 24 SNR, sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR)? Akutt 24 ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har ledig 100 % fast stilling som seksjonsleiar frå 01.10.2026, eller etter nærare avtale. Akutt 24 er ei korttidseining som primært tek imot akutte pasientar. Målet er at pasientane raskt skal bli diagnostiserte, behandla og utskrivne utan ordinær innlegging i sengepost, med forventa utskriving innan 24 timar. I tillegg til akutte innleggingar handterer eininga utvalde planlagde pasientforløp og polikliniske opphald. Akutt 24 er i dag involvert i dei fleste fagområda ved SNR. Som seksjonsleiar ved Akutt 24 vil du inngå i eit tett og viktig samarbeid med seksjonsoverlege ved akuttmottaket og Akutt 24, samt seksjonsleiar for akuttmottak. Stillinga krev god samhandling på tvers av einingar, og du vil ha ei sentral rolle i å koordinere den daglege drifta i samarbeid med akuttmottaket og sengepostane. Gjennom tett dialog og samarbeid bidreg du til gode pasientforløp, effektiv pasientflyt og høg kvalitet i pasientbehandlinga. Du blir ein del av leiargruppa ved Medisinsk avdeling og får personal- og driftsansvar for sjukepleiarane ved eininga. Legar og anna støttepersonell ved Akutt 24 blir leia av sine respektive seksjonsleiarar. Akutt 24 har 18 sengeplassar, i tillegg til ei seng avsett til subakutt og/eller planlagd hjarteutgreiing og behandling. Det er også knytt eit eige poliklinisk rom til denne aktiviteten. Vi søker etter ein leiar som brenn for fagleg utvikling, er løysingsorientert og som bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø. Vi håper derfor at du har lyst til å leie og utvikle enheten til det beste for tilsette og pasientar. Arbeidsoppgåver Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har fleire tverrgåande klinikkar som ligg under Helse Møre og Romsdal HF. Den somatiske aktiviteten på Hjelset er samla under klinikk SNR, med lokalt plassert klinikksjef. Stillinga som seksjonsleiar er plassert under avdelingssjef medisin SNR Seksjonsleiar har ansvar for dagleg drift og utvikling av seksjonen i nært samarbeid med avdelingssjef Seksjonsleiar har ansvar for at seksjonen blir driven i samsvar med gjeldande lover/forskrifter, interne retningslinjer og innanfor gjeldande økonomiske rammer Seksjonsleiar skal sørge for at arbeidet skjer i samsvar med dei faglege standardane og kvalitetskrav som til ei kvar tid gjeld Seksjonsleiar har eit samla personal, budsjett og fagleg ansvar for seksjonen, og skal sikre bemanning og drift etter gitte rammer Seksjonsleiar skal legge til rette for god kvalitet og fagleg utvikling også med fokus på standardisering Seksjonsleiar må ha fokus på utvikling og motivering av medarbeidarar Seksjonsleiar må vise initiativ og innsats for utvikling av heile avdelinga, klinikken og føretaket Kvalifikasjonar Sjukepleiar eller anna 3. årig helsefagleg utdanning Leiarutdanning er ønskeleg, men ikkje påkrevd Leiarerfaring er ønskeleg, men ikke påkrevd Erfaring frå samarbeid på tvers av faggrupper og organisatoriske einingar Klinisk erfaring er ønskeleg Gode datakunnskapar God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne Personlege eigenskapar Vi ønsker ein leiar som er synleg og tydeleg for sine tilsette og seksjonen Vi ønsker at du er opptatt av, og veit kva som skal til for å skape eit godt arbeidsmiljø Du er engasjert og har stor arbeidskapasitet Du har fokus på endringsleiing og utvikling Du er nysgjerrig på nyskapning Du er målbevisst og resultatorientert Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her . KontaktinformasjonPetter Rangnes, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5172144247 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores