About this role
Fjord1 har no ei ledig stilling som skipsførar i sambandet Arsvågen-Mortavika pt. MF Raunefjord. MF Raunefjord er ei stillegåande gassferje bygd i 2007. Arbeid om bord gir verdifull erfaring og ettertrakta kompetanse innan drift av gassfartøy. Som skipsførar får du ei nøkkelrolle i å sikre stabil og effektiv drift. I denne stillinga får du arbeide løysningsorientert og operativt. Arbeidsdagane kan vere travle, med skiftande vêr, mykje trafikk og høgt tempo. Stillinga passar difor for deg som er trygg i rolla som skipsførar og trivst med ansvar. Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Om bord finn du eit inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegaer og ein triveleg gjeng som skapar eit godt fellesskap.