About this role
Har du erfaring med teknisk innkjøp og ynskjer nye utfordringar? Innkjøpsavdelinga styrkar satsinga på teknisk innkjøp med nye kollegaer til teamet, mellom anna fagansvarleg teknisk innkjøp.Som fagansvarleg teknisk innkjøp får du ei avgjerande rolle i anskaffingar knytt til drift, vedlikehald og tekniske prosjekt. Saman med engasjerte og erfarne kollegaer på teamet så vil du samarbeide tett med tekniske fagmiljø, leverandørar og operativ verksemd. I stillinga får du ein unik anledning til å påverke både strategiske og operative innkjøpsprosessar.Du blir del av eit kompetent fagmiljø med brei erfaring innan strategiske anskaffingar, kontraktsforvaltning og leverandørutvikling. I tillegg til tre nye stillingar, består teamet av fire erfarne innkjøpsrådgjevarar og innkjøpsleiar. Teamet samarbeider tett for å finne dei beste løysingane og skape verdi for verksemda. Vi arbeider aktivt med kategoriutvikling, leverandøroppfølging, kontraktsforvaltning, forhandlingar og strategiske anskaffingar for å sikre kostnadseffektive, berekraftige og framtidsretta løysingar.Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet. Over halvparten av fartøya våre er elektriske, og vi utviklar verdas første sjølvgåande ferjer. Vi tør å påstå at vi er moderne, innovative og framtidsretta, og langt frå kjedelege! Med visjon om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport held vi fram med å leie an i den maritime næringa.