Now hiring

Vi søker teknisk inspektør til vårt team i Florø @ Fjord1 AS

Florø, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan grønt skifte og teknologi, og vi står i front med ein fartøysportefølje som er blant dei mest teknisk avanserte i verda. Vårt fokus er å vere best på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport, og som teknisk inspektør får du ei viktig rolle i selskapet.I denne stillinga vil du få ansvar for tre hybride ferjer, bygd om fra diesel til elektro, i tillegg til eit reservefartøy.

Du vert ansvarleg for at fartøy og tilhøyrande ladeanlegg til ei kvar tid er teknisk operative. Du vil vere eit viktig bindeledd mellom landorganisasjonen og drift. Som teknisk inspektør bistår du fartøya ved eventuelle tekniske utfordringar, styrer budsjett for fartøya og du er med å både planlegge og gjennomføre verkstadopphald. Har du interesse for motor, batteriteknologi og ladesystem, og korleis desse systemene fungerer samman, då er dette ein spanande jobb for deg. Her treng du ikkje superkrefter, men du må ha god teknisk kompetanse og like å vere ute i feltet der det skjer. Du må kunne handtere komplekse problemstillingar, og du har høg gjennomføringsevne.

Du likar å jobbe sjølvstendig, og skapar gode relasjonar til kollegaer. I Fjord1 inngår du i eit sterkt fagleg nettverk, med kollegaer lokalisert på våre kontor i Florø, Bergen og Molde. Vi treng å styrke vårt team i Florø, då ein kollega har fått nye utfordringar internt i organisasjonen. For rette kandidat kan også kontorlokalitet Molde vurderast. Har du interesse for gode løysingar, og ynskjer å påverke drift og vedlikehald av ferjer i nokre av våre viktige samband langs norskekysten? Då er du den vi leitar etter!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores