Now hiring

Overlege @ Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søkjer overlege til Klinikk sikkerheitspsykiatri.Vi søkjer no ein ny kollega som vil vere med å vidareutvikle eit heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod for ei kompleks pasientgruppe ved Klinikk sikkerheitspsykiatri. Klinikken er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen og består av seks seksjonar: Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Lokal sikkerheitsavdeling (LS), Lokal sikkerheit rehabilitering (LSR), Fengselshelsetenesta, Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri og Sikkerheitspoliklinikken.Arbeidet i klinikken er prega av tett tverrfagleg samarbeid, med tid til rettleiing, faglege diskusjonar og fordjuping i pasientarbeidet. Vi legg stor vekt på langsiktige relasjonar, kontinuitet og stabilitet i behandlinga.Gjennom Program for psykisk helsevern for framtida vil Klinikk sikkerheitspsykiatri bli ein del av Nye Sandviken. Formålet er å skape eit nytt kapittel der vi utviklar eit langsiktig og heilskapleg tilbod for pasientar med samansette behov.I åra som kjem vil vi arbeide for større differensiering av tenestene, meir samanhengande pasientforløp og styrkt integrasjon mellom døgnbehandling, rehabilitering og poliklinisk oppfølging. Dette er ei unik moglegheit til å vere med og forme framtida innan sikkerheitspsykiatri i Helse Bergen.Vi har no ledig ei 100% fast stilling som overlege med arbeidsoppgåver knytta til Lokalt sikkerheitsnivå: Sikkerheitspoliklinikken, Lokal sikkerheitsavdeling (LS) og Lokal sikkerheit rehabilitering (LSR). Stillinga gir anledning til å arbeide på tvers av døgn- og polikliniske tenester, og til å bidra i behandling, rehabilitering og oppfølging av pasientar med alvorlege psykiske lidingar, ofte kombinert med høg valdsrisiko, personlegdomsproblematikk og ruslidingar.Overlegen vil få ei sentral rolle i den faglege utviklinga av behandlingstilbodet og i arbeidet med å vidareutvikle samanhengande pasientforløp mellom innlegging, rehabilitering og poliklinisk oppfølging. Stillinga gir gode moglegheiter for fagleg fordjuping, undervisning, rettleiing og samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores