Now hiring

Lege i spesialisering - fødselshjelp og kvinnesjukdomar @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOLDA SJUKEHUS - SOMATIKK

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig ei spennande 100 % stilling (vikariat) for lege i spesialisering (LIS) i fødselshjelp og kvinnesjukdomar, med oppstart etter avtale og varigheit fram til 31.08.2027 Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande miljø med åtte normerte legestillingar, fordelte på fem overlegar og tre LIS-legar. Seksjonen legg stor vekt på fagleg utvikling, tett samarbeid og god rettleiing. Som LIS vil du få ei variert og lærerik kvardag med høve til å utvikle brei kompetanse innan både fødselshjelp og gynekologi. Fødeavdelinga har om lag 450-500 fødslar i året, med låg- til moderat-risiko fødslar. Vi utfører ikkje kreftoperasjonar, men tek oss av alle vanlege gynekologiske tilstandar. Vaktordninga er 6-delt, med heimevakt om natta. Dette gir god klinisk erfaring og ansvar, samstundes som ordninga legg til rette for ein god balanse mellom arbeid og fritid. Både seksjonen og sjukehuset elles har eit godt arbeidsmiljø, er veldrivne og godt utstyrte. Vi har barnelege til stades 2-3 dagar i veka, men ingen barneavdeling. Arbeidsoppgåver Klinisk arbeid som lege i spesialisering på poliklinikk, dagkirurgi, operasjon, sengepost og med deltaking i vakt og på føde-/barselavdelinga Kvalifikasjonar Meistre godt norsk, både skriftleg og munnleg Norsk autorisasjon som lege Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning Søkjarar som har fullført LIS1-tenesta, men ventar på formell godkjenning, vert også rekna som kvalifiserte for stillinga. Alle læringsmål i LIS1 må vere oppfylte før tiltreding Personlege eigenskapar Du har fagleg engasjement Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Du medverker til eit godt arbeidsmiljø Du er fleksibel, positiv og endringsorientert Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her . KontaktinformasjonVilde Lund Osdal, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5159125369 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 07.08.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores