About this role
Søk utdanningsstilling og bli spesialsjukepleiar - ta steget mot framtidas helsevesen! Helse Møre og Romsdal Volda sjukehus har eit behov for spesialsjukepleiarar og no lyser vi ut ei utdanningsstilling innan operasjon. Som spesialsjukepleiar hos oss blir du ein nøkkelperson i utviklinga av framtidas sjukehustilbud i Møre og Romsdal. Du vil jobbe i spesialavdeling saman med dyktige kollegaer og vere med på å forme eit nytenkjande helsevesen. Vi søker deg som ønsker fagleg utvikling, interessante utfordringar og ein givande jobb! Er du klar for å ta neste steg? Bli med oss - din kompetanse gjer ein forskjell! Vi tilbyr utdanningsstilling for vidareutdanning (90 studiepoeng) i: Operasjonssjukepleie Volda sjukehus For deg som søker operasjonssjukepleie ved NTNU, gjer deg kjent med informasjonen på NTNUs heimesider. Ver merksam på avsnittet om å Avslutte etter 90 studiepoeng, og sjå semesterplan for kull 2026. Utdanningsstillingane gjeld dei som søker master i spesialsjukepleie, og vel utdanningsløpet (90 studiepoeng) og er ferdig uten mastergrad i januar- februar 2028. Helse Møre og Romsdal har avtale med NTNU om praksisstudiar for studentar innan AIO. Send inn søknad på utdanningsstilling inklusive vitnemål, tjenestebevis (datert 2026) og referansar innan 17. juli 2026. Ansvarleg leiar i fagmiljøet avgjer kven som får tilbud om utdanningsstilling. Primært gjeld tilbodet om utdanningsstilling for sjukepleiar som ikkje allereie er spesialsjukepleiar. Dersom du får tilbod om utdanningsstilling i Helse Møre og Romsdal, mottek du stønad ut fra gjeldande retningslinjer. Du må ha fått plass på studiested for å få tilbud om denne stillinga. Studentar frå alle relevante utdanningsinstitusjonar er velkomne til å søke. Arbeidsoppgåver Følgje studiestadens studieplan, og møte på all undervisning i teori og praksisstudiar Arbeide minst 4 veker i løpet av sommaren etter første studieår Etter avslutta utdanningsløp får du bindingstid ved sjukehuset, som regel i tredelt turnus Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Tildelt studieplass på master i spesialsjukepleie i operasjonssjukepleie Minst 2 år med relevant klinisk erfaring som sjukepleiar i 100% stilling ved oppstart av studiet Gode norskkunnskapar, både skrifteleg og munnleg Relevant arbeidserfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel Oppgi referansar frå minst to ulike arbeidsgjevarar/tilsetjingsforhold Personlege eigenskapar Vi søker etter deg som er motivert for å utvikle spesialsjukepleiafaget og helsetenesta Du kan stå i endring, er fleksibel, vil jobbe tverrprofesjonelt, og har gode kommunikasjonsevner Du er også kunnskapssøkande og har interesse for teknologi og digitale løysingar, og planlegg ei framtid som spesialsjukepleiar i Helse Møre og Romsdal Personleg eignaheit blir vektlagd Vi tilbyr Utdanningsstillinga innan operasjon har tilbod om 90% løn i 1,5 år av studietida (90 studiepoeng), og det er 2 års bindingstid i 100% stilling, i tredelt turnus, etter avslutta vidareutdanning Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Etter fullført utdanning tilbys du tilsettingsforhold i HMR Når du har fått studieplass, last opp bekreftelse på dette i din søknad på Webcruiter og send samtidig e-post via Webcruiter om at du har fått studieplass. Avdelinga med utdanningsstilling tek gjerne i mot deg for hospitering. Ta direkte kontakt med seksjonsleiar for avtale. Søknadsfrist for utdanningsstillinga er 17.07.26 KontaktinformasjonCamilla Brungot Kile, Konstituert seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5154222603 Stillingsprosent: 100% Utdanningsstilling Søknadsfrist: 17.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal