About this role
Medisinsk sengepost Volda har ledig fast stilling som seksjonsleiar frå 16.11.2026 Sengeposten har 30 sengeplassar og tek imot pasientar med eit stort spekter av diagnosar. Dette er ein arbeidsplass med god breidde i kompetanse. Seksjonsleiar er med i klinikken si leiargruppe og samarbeidar tett med dei andre seksjonsleiarane i Klinikk Volda. Klinikksjef er næraste overordna. Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV. Arbeidsoppgåver Ansvar for dagleg drift i seksjonen Samarbeide med andre seksjonar Fag-, personal- og resultatansvar Ansvar for ressursstyring Sikre fagleg forsvarlege tenester, pasienttryggleik og kvalitet i seksjonen Utvikle mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammer og strategiar Delta aktivt i leiargruppa i klinikken Leie omstilling og utviklingsarbeid i eigen seksjon Kvalifikasjonar Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon Relevant vidareutdanning i leiing og/eller relevant leiarerfaring kan vere ein fordel Relevant klinisk erfaring frå fagområdet er ønskjeleg God datakompetanse og erfaring i bruk av IKT verktøy Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Personleg eigning vert særleg vektlagt Personlege eigenskapar Du er ein synleg og tydeleg leiar for dine tilsette Du kan motivere og inspirere andre Du kan arbeide i team med ulike profesjonar Du er endringsvillig og handlekraftig Du er nytenkjande og løysingsorientert Du har interesse og motivasjon for fagfeltet Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjordar og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her. KontaktinformasjonSiv Jensen, Konst. ass. klinikksjef, [email protected] ArbeidsstedKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5149461484 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 16.11.2026 Søknadsfrist: 10.08.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede an i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa? For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal