Now hiring

Smittevernskoordinerande overlege (Smittevernslege) @ Helse Møre og Romsdal HF

ÅlesundOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Smittevernarbeidet i Helse Møre og Romsdal er organisert som ein føretaksdekkande funksjon i fagavdelinga. Stillinga har ansvar for smittevernarbeidet i heile helseføretaket, på tvers av sjukehus, klinikkar og fagmiljø. Smittevernkoordinerande overlege blir formelt ansatt i Seksjon for helsetenesteutvikling, men rapporterar fagleg direkte til fagdirektør i smittevernfaglege spørsmål. Rolla har ikkje personalansvar, men har det overordna medisinskfaglege ansvaret for smittevernarbeidet i føretaket og er fagleg leiar for rådgivarane innan smittevern. Smittevernrådgivarane består av 5 medarbeidarar i totalt 4,5 årsverk. Dei er lokalisert ved føretakets ulike sjukehus men er organisatorisk samla i Seksjon for helsetenesteutvikling. Smittevernarbeidet blir utført i tett samhandling mellom smittevernkoordinerande overlege og smittevernrådgivarane, der den daglege oppgåveløysinga i stor grad skjer i samarbeid. Som smittevernkoordinerande overlege vil du ha ei sentral rolle i både den løpande drifta og den faglege utviklinga av smittevernarbeidet i helseføretaket. Rolla inneber nært samarbeid med kliniske miljø, leiing, rådgivar smittevern, infeksjonsmedisin og mikrobiologi, og kombinerer strategisk arbeid med operativ oppfølging. Hovudarbeidsstad for stillinga kan vere Ålesund sjukehus eller SNR Hjelset, etter avtale. Det må reknast med arbeid og nærvær ved fleire av føretaket sine lokasjoner. Det er moglegheit for å kombinere stillinga med klinisk arbeid etter nærare avtale.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores