Now hiring

Sjukepleiar @ Helse Møre og Romsdal HF

ÅlesundOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ønsker du å arbeide innan fagområda nyre, infeksjon, gastromedisin og endokrinologi? Medisin 2 søkjer no etter sjukepleiar!Medisin 2 har 24 sengeplassar, og tek imot pasientar med ulike indremedisinske sjukdomar. Avdelinga tek imot både øyeblikkeleg hjelp og planlagde innleggingar, samt det er fleire spesialfunksjonar tilknytta avdelinga.Avdelinga legg til rette for helsefremjande turnus med minst mogleg aften/dagvakt belastning. Stillinga inngår i tredelt turnus, men med moglegheit for todelt turnus etter ønske. Det er moglegheit å påverke eigen arbeidsplan og fordeling av vakttypar, der ein også kan velje mellom arbeid kvar 3.helg eller kvar 4. helg.Arbeid kvar 4. helg inneber 12-timersvakter laurdag og søndag. Vaktene inkluderer 1,5 timars pause, der 1 time kan takast utanfor avdelinga. På fredagar er vakta frå 13:45 til 20:30.Ved arbeid kvar tredje helg kan ein ha mellomvakter (10:30 – 18:00) laurdag og søndag. Ein arbeider då i team med ein annan sjukepleiar som har langvakter.Avdelinga har eigne funksjonar som portør, kjøkkenassistent og sekretær. Det arbeider også fleire helsefagarbeidarar ved avdelinga. Kvar fagseksjon har og eigen fagsjukepleiar som arbeider med fagleg utvikling og kompetanseheving i avdelinga.Vi søkjer deg som har interesse for fagområda og avdelinga. Vi kan tilby:Grundig opplæring. 2 veker med opplæringsvakter i avdeling, inkludert 1 kontordag, samt ekstra opplæringsdagar ved behov.Som nytilsett vil du i starten arbeide primært innan eitt fagområde.For nytilsette tilstreber avdelinga alltid at ein arbeidar på team saman med annan sjukepleiar.Som nytilsett vil du ikkje ha studentansvar før 1 år har gått.Avdelinga legg vekt på fagleg utvikling og eit støttande og hjelpsamt arbeidsmiljø.Ved intern omrokkering kan andre stillingar og anna stillingsprosent bli ledig, samt at det er høve for ekstravakter.Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Det er ønskeleg med referansar. Skriv gjerne kva fagfelt du kan tenkje deg å arbeide med.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores