About this role
Lyst å bli en del av team på helg? Vi har no ledig fast 20% stilling frå snarast! DPS Vegsund er ein psykiatrisk institusjon med 17 døgnplassar. Vi har innlagde pasientar med ulike psykiske lidingar, og ønskjer no å tilsetje en kollega som kan arbeide saman med oss i helgane. Stillinga er p.t på helg med seinvakt fredag, mellomvakt laurdag og søndag, med arbeid kvar 3. helg. Hos oss får du ein triveleg og spennande arbeidsplass, der vi har fokus på å gi god behandling og omsorg til pasientane våre. Du vil bli ein del av eit team som jobbar tett saman i helgane, med vekt på miljøterapeutiske aktivitetar og godt samarbeid. Om du kan tenkje deg å bli ein del av vårt engasjerte team, oppmodar vi deg til å søkje på stilling hos oss. Det kan også vere moglegheit for å ta ekstravakter ved seksjonen.