Now hiring

Pasientkoordinator @ Helse Møre og Romsdal HF

ÅlesundOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søkjer deg som er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert, og som ønskjer ei sentral rolle i utviklinga av eit viktig behandlingstilbod for pasientar med kroniske smertetilstandar.Smerteklinikken i Ålesund tek imot smertepasientar frå heile Møre og Romsdal til tverrfaglege vurderingar, individuelle konsultasjonar og samtalar med lege, psykolog, fysioterapeut eller smertesjukepleiar. Behandlinga blir starta hos oss, før behandlingsansvaret blir overført til primærhelsetenesta.Dette er ei nyoppretta stilling, og du vil difor få vere med på å forme rolla i samband med innføringa av eit nytt nasjonalt pasientforløp. Som pasientkoordinator vil du ha ei nøkkelrolle i planlegging og koordinering av pasientforløp ved smerteklinikken, og du blir ein del av vårt tverrfaglege team. Teamet arbeider med heilskapleg utgreiing og behandling av pasientar med kroniske smertetilstandar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores