About this role
Er du sjukepleiar eller vernepleiar med interesse for psykisk helse og rus?Vi har no ledig 100 % fast stilling som våken nattevakt ved DPS Døgn Kristiansund, med oppstart frå 01.10.2026. Vi søkjer ein engasjert, fagleg trygg og positiv sjukepleiar eller vernepleiar som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell for pasientane våre. Vidareutdanning innan psykisk helse og rus er ein fordel.DPS Døgn Kristiansund er ein del av Avdeling for DPS Nordmøre og Romsdal og har 18 sengeplassar. Seksjonen tilbyr utgreiing og behandling til vaksne med psykiske lidingar, med særleg vekt på eit aktivt og målretta miljøterapeutisk tilbod. Vi samarbeider tett med kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar for å sikre gode og heilskaplege pasientforløp.Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø med høg fagkompetanse, engasjerte kollegaer og eit sterkt fokus på kvalitet og utvikling.Vil du vere med og skape trygge netter og gode behandlingsforløp? Då håper vi å høyre frå deg!