Now hiring

Psykologspesialist til FACT allmenn-team @ Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å vidareutvikle framtidas psykiske helsetenester i Bergen – tett på menneske med samansette behov, og i eit team som er i ferd med å ta form?Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) søkjer psykologspesialist til FACT allmenn-teamet vårt. Vi held til i moderne lokale sentralt på Danmarksplass, har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda, og er eit DPS i kontinuerleg utvikling. Vi har ein tydeleg ambisjon om å tilpasse tenestene våre til behova i befolkninga – og å finne betre løysingar for dei som i dag ikkje får eit tilstrekkeleg samordna tilbod.Kronstad DPS har allereie eit robust og veletablert FACT psykose-team, og er no godt i gang med oppbygginga av eit FACT allmenn-team i tett samarbeid med Bergen kommune, Psykisk helse Bergen Sentrum. Dette er det første FACT allmenn-teamet i regionen, og skal tilby eit heilskapleg, fleksibelt og meir tilgjengeleg behandlingstilbod til personar med alvorlege psykiske lidingar og samansette vanskar – ei gruppe som ofte fell mellom etablerte tenester og nivå i helsetenesta.FACT allmenn-teamet er framleis i ein prosjektfase, organisert som eit 50/50-samarbeid mellom Kronstad DPS og Bergen kommune, Psykisk helse Bergen Sentrum, med finansiering frå Statsforvaltaren. Teamet arbeider etter FACT-modellen (Flexible Assertive Community Treatment), med ein aktiv og oppsøkjande tilnærming, og med moglegheit for å variere intensiteten i oppfølginga etter behov. Som psykologspesialist i teamet får du høve til å bidra både klinisk og fagleg, og til å vere med og setje retning for vidare utvikling av samarbeidsformer, arbeidsmåtar og det samla behandlingstilbodet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores