Now hiring

Lege i spesialisering 2/3 i patologi @ Helse Bergen HF, Laboratorieklinikken

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har tre vikariat ledige for lege i spesialisering (LIS) 2/3, gjelder perioden 01.09.2026- 30.06.2027. Vikariat kan telje som del av spesialistutdanninga. Det er mogleg med fleksibel oppstart etter nærare avtale. LIS1 med interesse for patologi som er ferdige i løpet av sommeren, blir oppmoda til å søkje.Kunne du tenkje deg spesialisering i eit paraklinisk fag? Patologi er ei kjerneverksemd i diagnostikk av kreft og annan sjukdom, og faget er i rask utvikling. Arbeidsdagane er varierte, og LIS ved avdelinga arbeider tett saman med andre tilsette, inkludert både LIS og overlegar. Det er ei bratt læringskurve, men samstundes trygt å vere ny hos oss.Arbeidstida er måndag til fredag kl. 08.00–16.00, med noko fleksibilitet. Jobb som LIS 2/3 let seg såleis godt kombinere med både familieliv og fritidsaktivitetar.LIS følgjer utdanningsprogrammet for spesialistutdanning i patologi.Avdelinga har omfattande diagnostiske funksjonar og dekkjer alle fagområde innan patologi, inkludert nyrepatologi, nevropatologi, oralpatologi og molekylærpatologi. Avdelinga gjer diagnostikk på om lag 60 000 biopsiar og 65 000 cytologiske prøvar kvart år. Det blir utført rundt 60 000 immunhistokjemiske undersøkingar og om lag 350 obduksjonar årleg. I 2025 overtok avdelinga ansvaret for rettsmedisin frå Universitetet i Bergen.Dette er ei framtidsretta avdeling der store delar av diagnostikken no er digital. Vi arbeider kontinuerleg med innføring av nye metodar og ny teknologi, mellom anna innan kreftgenomikk.Avdelinga har i overkant av 120 tilsette, med 30 overlegar og 13 LIS-stillingar. Vi er heldige som har engasjerte og trivelege medarbeidarar, og vi søkjer etter nye kollegaer som vil trivast i eit hektisk og spennande arbeidsmiljø. Her vil du få ei viktig rolle og høve til å vere i kontinuerleg utvikling. Vi ser etter deg som arbeider målretta og set fagleg kvalitet høgt. Fleire av overlegane har bistilling ved Universitetet i Bergen, og det er eit tett samarbeid med tilsette ved universitetet.Er du nysgjerrig på stillinga og ønskjer meir informasjon, kan du ta kontakt med leiar Torill Myklestad Barrett ([email protected]) eller tillitsvald for LIS i avdelinga, Tonje Koldal Opsal ([email protected]).

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores