About this role
Kirurgisk og ortopedisk sengepost har ledig fast 100% stilling og 75% vikariat på 1 år som sjukepleiar! Er du på jakt etter ein spennande og utfordrande arbeidsplass? Då er kirurgisk og ortopedisk sengepost noko for deg! Her får du jobbe i eit solid fagmiljø saman med hyggelege og engasjerte kollegaer, der vi alle har eit tydeleg fokus på å gi pasientane den beste moglege behandlinga. Vi har hovudsakleg kirurgiske og ortopediske pasientar, men også gynekologiske og urologiske pasientar. Samarbeid er nøkkelen for at pasientane skal få ei god oppleving under opphaldet på sjukehuset, og her vil du spele ei viktig rolle. Sengeposten er prega av eit høgt tempo, og her får du møte mange varierte og spennande utfordringar. Med mange ulike diagnosetypar gir denne arbeidsplassen høve til å utvikle kompetansen din på fleire område. I tillegg kan vi tilby eit trygt og sosialt arbeidsmiljø, der samhald og humor er viktige verdiar. Bli ein del av vårt engasjerte team, og ta del i eit arbeidsmiljø der du både kan utvikle deg fagleg og trivast som kollega. Arbeidsoppgåver 3-delt turnus, inkludert nattevakter Arbeid kvar 3. helg Pre- og postoperativ sjukepleie til planlagde og akutte operasjonar Planleggje og utføre ulike prosedyrar Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke Sjukepleie til palliative pasientar Samhandling med kommunane Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Må meistre norsk skriftleg og munnleg Rettleiarkompetanse kan bli vektlagt Videreutdanning som er relevant for vår seksjon vil bli vurdert Personlege eigenskapar Du er serviceinnstilt til pasientar, pårørande og kollegaer Du er ansvarsbevisst Du har fleksibel haldning til nye oppgåver eller arbeidsmåtar i ulike miljø Du har evne til å halde overblikk og forstå heilheita i seksjonen Du har interesse for å utvikle eigen og andre sin kompetanse Du må trivast med høg aktivitet i arbeidet Du har vilje, interesse og evne til samarbeid med ulike yrkesgrupper Du medverkar til å oppretthalde eit godt psykososialt arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Intern undervisninger Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. KontaktinformasjonJulianne Hovden, Seksjonsleiar, 700 58389/476 06613, [email protected] ArbeidsstadKLØVERTUNVEGEN 1 6100 Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5142909415 Stillingsprosent: 100, 75% Fast, Vikariat Startdato: 17.08.2026 Sluttdato: 17.08.2027 Søknadsfrist: 06.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal