Now hiring

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF SJUKEHUSET NORDMØRE OG ROMSDAL HJELSET - SOMATIKK

Norway (NO0A3)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Dagkirurgi SNR har ledig ei 80% fast stilling som sjukepleiar/spesialsjukepleiar! Ved Dagkirurgi SNR på Hjelset søkjer vi ein engasjert sjukepleiar/spesialsjukepleiar som ønsker ein variert og daglig spennande arbeidskvardag. Seksjonen er ein del av det nye fellessjukehuset på HjelsSNR et, der moderne fasilitetar, pasienttryggleik og kvalitet står i sentrum. Hos oss blir du ein del av eit sterkt tverrfaglig miljø med høg kompetanse og tett samarbeid mellom ulike faggrupper. Vi behandlar både vaksne og barn innan fleire kirurgiske fagområde, og tilbyr ein arbeidskvardag prega av fagleg utvikling, samarbeid og kontinuerleg forbedring. Vi ser etter deg som trivst i eit aktivt miljø, tek ansvar og ønskjer å bidra til gode pasientopplevingar og behandling av høg kvalitet. Ved interne omrokkeringar, vil det kunne bli ledig andre stillingar i seksjonen. Aktuelle kandidater kan derfor også bli vurderte for desse. Det kan og bli aktuelt at stillinga blir knytt til arbeidshelg ved Intensiv/postoperativ SNR. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Arbeidsoppgåver Mottak, førebuing og overvåking av pasientar i samband med dagkirurgiske operasjonar og undersøkingar Heilheitlig sjukepleie og oppfølging av pasientar, både vaksne og barn Medikamenthandtering Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper Bidra til kvalitetsarbeid og fagleg utvikling i avdelinga Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar God etisk praksis, både i samhandling med pasientar og i samarbeid med kollegaer Du må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg Fagleg dyktigheit og fleksibilitet i forhold til oppgåver Evne til å jobbe i et miljø med høg aktivitet og høgt tempo Gjerne dagkirurgisk erfaring, men ikke ett krav Personlege eigenskapar Er engasjert, motivert og opptatt av å levere pasientbehandling av høg kvalitet Tek ansvar, viser initiativ og bidreg til gode løysningar Kommuniserer tydeleg og skaper gode relasjoner med pasienter, pårørande og kollegaer Trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i tverrfaglege team Bevarer ro og struktur i ein hektisk arbeidskvardag Er fleksibel, løysingsorientert og tilpasningsdyktig Bidreg aktivt til et positivt, inkluderande og utviklande arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Ett sterkt fagmiljø med tett tverrfaglig samarbeid Engasjerte og dyktige kollegaer som støtter hverandre i hverdagen Et inkluderande arbeidsmiljø preget av respekt, trivsel og utvikling Muligheter for faglig og personlig vekst Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonAnn-Synnøve Stranden Klausen, Seksjonsleder, +47 48094337, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5144504703 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 19.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores