Now hiring

Radiograf @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF SJUKEHUSET NORDMØRE OG ROMSDAL HJELSET - SOMATIKK

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Radiologisk avdeling ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har ledig ei fast 100 % stilling som radiograf i turnus med arbeidsstad Kristiansund, frå og med 24.08.2026. Radiologisk avdeling SNR er fordelt på to seksjonar: SNR Kristiansund og SNR Hjelset. Vi er ei moderne, fagleg sterk og inkluderande avdeling med 49 radiografar fordelt på dei to seksjonane som samarbeider med radiologar og kontorpersonell i eit spennande miljø. Vi har ein open dialog mellom alle profesjonar i avdelinga, noko som bidreg til eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø. Avdelinga har høg aktivitet innan undersøkingar som MR, CT, ultralyd, intervensjon, mammografi, DEXA og røntgen og gjennomfører om lag 100 000 undersøkingar årleg. Tilsettinga inneber arbeid i 3-delt turnus der vaktene vil foregå ved SNR Hjelset. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden/CV. Arbeidsoppgåver Utføre arbeidsoppgåver i seksjonen etter funksjonsbeskriving som radiograf Tilleggsoppgåver ved behov Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som radiograf God kjennskap til fagområdet Evne til å meistre ulike dataprogram i arbeidet Kjennskap til og erfaring med Helseplattformen er ein fordel Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du har gode samarbeidsevner, vilje og evne til omstilling og har interesse for vidareutvikling Du har evne til å tenkje heilskapeleg og kunne prioritere Du kan arbeide sjølvstendig og i team Du er arbeidsvilleg, nøyaktig og ryddig Du er systematisk og kvalitetsbevisst Personlige eigenskaper som passar til stillinga vil bli vektlagt ved tilsetjing. Vi tilbyr Spennande og varierte oppgåver Trivelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Kompetanseutvikling Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her. KontaktinformasjonRita Overvåg, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadHerman Døhlens vei 1 6508 Kristiansund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5136699576 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores