About this role
Er du sjukepleiar og ønskjer ein spennande arbeidskvardag med faglege utfordringar og tett samarbeid på tvers av fagområde? Då kan dette vere stillinga for deg.Nevrologi og revmatologi poliklinikk ved Førde sentralsjukehus har ledig eit 50 % vikariat frå 15.02.2027 til 31.12.2027 ved felles infusjonspoliklinikk i Førde. Ønskjer du større stilling, kan vikariatet kombinerast med arbeid ved til dømes Nevrologi- og rehabiliteringssengepost eller Medisinsk sengepost. Ved infusjonspoliklinikken får pasientar innan mellom anna nevrologi, revmatologi, medisin og barn og unge behandling i moderne lokale.Du blir ein del av eit engasjert fagmiljø med sjukepleiarar og helsesekretærar som samarbeider tett om pasientbehandlinga.Vi ser fram til å motta søknaden din.