About this role
Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få eit stort fagleg utbytte? Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg!
Legegruppa ved medisinsk avdeling på Lærdal sjukehus har behov for legevikar (cand.med.) i perioden 15.02.2027-31.08.2027.Vi søkjer deg som tek ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre. Hos oss får du varierte medisinske utfordringar og eit godt arbeidsmiljø.Du vil arbeide ved sengepost, delta i visittgang og inngå i vaktordninga. På alle vakter har du tilgang til erfaren overlege.
Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde HF.Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylkesgrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg innst i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.