Now hiring

Ferievikarar, turnusarbeid i døgnpost @ Helse Førde

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Nordfjord psykiatrisenter sine to døgnpostar har omlag 13 ledige ferievikariat i sommarferien 21.06.2027 - 15.08.2027.Vi søkjer sjukepleiarar og vernepleiarar, kandidatar med treårig helse- og sosialfagleg utdanning, idrettsutdanning, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, studentar i relevant utdanning, andre kan også søkje. Seksjon rus har 10 døgnplassar og gjev tilbod om tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Seksjonen har ei tverrfagleg personalgruppe - her jobbar mellom anna psykologspesialist, overlegar, erfaringskonsulent, helsesportspedagog, fysioterapeut, sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar og sosionomar.

Seksjon døgn har 12 døgnplassar og er ein felles psykose - og allmenpsykiatrisk døgnpost med ei tverrfagleg personalgruppe - her jobbar mellom anna psykologspesialist, overlege, lege i spesialisering, sjukepleiarar, vernepleiarar, erfaringskonsulent, helsefagarbeidarar og sosionomar. Søkjarar som kan arbeide i heile ferieperioden vil kunne bli prioriterte. Det er derfor viktig at du opplyser tydeleg i søknaden kva periode du kan arbeide. Meir informasjon om Nordfjord psykiatrisenter finn du her: Nordfjord psykiatrisenter

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores