Now hiring

Resepsjonist (80% vikariat) @ Øygarden kyrkjelege fellesråd

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ønskjer du ein variert arbeidskvardag der du får møte menneske og bidra til viktige samfunnsoppgåver? Øygarden kyrkjelege fellesråd har ledig eit 80 % vikariat i resepsjonen ved kyrkjekontoret på Straume. Vikariatet er i første omgang på kort sikt, med moglegheit for forlenging. Det kan også vere aktuelt med vidare arbeid som tilkallingsvikar. Stillinga er ein del av administrasjonen ved kyrkjekontoret og inneber varierte administrative oppgåver innan resepsjon, gravferdsforvaltning, gravplassadministrasjon og utleige.

Visjonen til Øygarden kyrkjelege fellesråd er «Nær Gud, nær menneske». Vi er eit stort fellesråd, med fem sokn og om lag 40 800 innbyggarar der 70,3% er medlemer i Den norske kyrkja. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i både fagseksjonar og tverrfaglege sokneteam. Stillinga er primært knytt til Fjell sokn, men inngår i kyrkjemusikkseksjonen i fellesrådet.

Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, ring oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.Om stillingaStillinga er hovudsakleg kontorbasert og omfattar administrative oppgåver innan resepsjon, gravferdsforvaltning, gravplassadministrasjon og utleige.Du vil ha jamleg kontakt med publikum, pårørande, gravferdsbyrå og andre samarbeidspartnarar. Arbeidskvardagen kan vere variert og til tider hektisk, med mange førespurnader, hyppige avbrot og behov for å prioritere og omstille seg undervegs.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores