About this role
Ønskjer du å formidle kyrkja sin bodskap gjennom musikk, song og kulturarbeid? Har du engasjement for korarbeid, gudstenesteliv og kyrkjelydsbygging? Vi søkjer ein kyrkjemusikar som ser musikken som ein viktig del av gudstenesta og kyrkjelyden sitt liv.I Fjell sokn får du høve til å vere med og vidareutvikle eit aktivt og mangfaldig kyrkjemusikalsk arbeid med lange tradisjonar og stort engasjement. Med visjonen «Fjell kyrkje – ei kyrkje for alle» ønskjer soknet å vere ein open og inkluderande møteplass der musikk, song og kultur er viktige bidrag til fellesskap, tru og tilhøyrsle. Vi søkjer derfor ein kyrkjemusikar som ønskjer å byggje vidare på det gode arbeidet som allereie er etablert. Samstundes ønskjer vi å gje rom for at den som vert tilsett kan vidareføre og utvikle arbeidet på sin eigen måte, ut frå eigne styrkar, interesser og kompetanse.
Visjonen til Øygarden kyrkjelege fellesråd er «Nær Gud, nær menneske». Vi er eit stort fellesråd, med fem sokn og om lag 40 800 innbyggarar der 70,3% er medlemer i Den norske kyrkja. Fellesrådet har om lag 82 tilsette som er organisert i både fagseksjonar og tverrfaglege sokneteam. Stillinga er primært knytt til Fjell sokn, men inngår i kyrkjemusikkseksjonen i fellesrådet.
Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, ring oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.
Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle kvalifiserte til å søkje. Personen som vert tilsett må ha eit personleg engasjement for Øygarden kyrkjelege fellesråd