About this role
Er du engasjert, praktisk anlagt og likar å arbeide både ute og inne? Har du interesse for grøntfaget og trivst med varierte arbeidsoppgåver? Då kan dette vere rette jobben for deg! Vi har no ledig ei fast, delt stilling som kyrkjegardsarbeidar og kyrkjetenar.Du vert ein del av teamet som har ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjegardane våre, slik at dei er velstelte og verdige gjennom heile året. Samstundes vil du ha ei viktig rolle som kyrkjetenar, der du bidreg til praktisk tilrettelegging og gjennomføring av kyrkjelege handlingar. Stillinga byr på varierte arbeidsdagar med både ute- og innearbeid, og tett samarbeid med kollegaer frå fleire fagområde. Visjonen til Øygarden kyrkjelege fellesråd er «Nær Gud, nær menneske.» Vi er eit stort fellesråd med 8 kyrkjer og 16 gravplassar. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organiserte både i fagseksjonar og tverrfaglege sokneteam. Stillinga høyrer til seksjon for kyrkjer og gravplassar, som har 11 medarbeidarar i ulik stillingsprosent, og omfattar oppgåver både som kyrkjegardsarbeidar og kyrkjetenar. Stillinga inneber arbeid på dagtid tysdag til fredag. I tillegg inngår teneste ved gudstenester om lag annankvar helg, samt vigsler i sesongen. Besøk nettsida vår, ring oss eller kom innom for ein prat på det trivelege kyrkjekontoret vårt på Straume.