Now hiring

Rådgjevar for opplæring i bedrift @ Vestland fylkeskommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vestland fylkeskommune har etablert rettleiingstenester for vidaregåande opplæring. Primæroppgåva til tenesta er å leggje til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skulane, kommunar, samarbeidsorgan, bedrifter, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, rettleie vaksne og yte pedagogisk-psykologiske tenester.

Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste, oppfølgingstenesta, opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne. Rettleiingstenesta Bergensområdet nord dekkjer kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Kvam og Arna og Åsane bydel. Vi har kontorstad i nye Åsane vidaregåande skule. Rettleiingstenesta Bergensområdet nord har ledig fast stilling i 100% som rådgjevar for opplæring i bedrift.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores