Now hiring

Geoteknikar @ Vestland fylkeskommune

Bergen, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Med våre over 6000 tilsette er Vestland fylkeskommune ein av dei største arbeidsstadane i fylket. Vi har ansvaret for 5547 km med fylkesveg, 278 tunnelar, 1988 bruer og 30 ferjesamband. Vestland fylkeskommune skal sikre ein framtidsretta infrastruktur, med mål om å betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet.Vi er ein av landets største byggherrer innan samferdsle, og vi har fleire spanande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.

Geo og skredseksjonen er ein del av avdeling vegfag, ei avdeling med fokus på tverrfagleg samararbeid internt i eiga avdeling og i oppdrag for andre avdelingar i organisasjonen. For å styrke vårt geotekniske fagmiljø på geo og skredseksjonen, søker vi no etter ein erfaren geoteknikar som med sin kompetanse vil bli ein sentral fagressurs når vi i framtida skal realisere spanande nye samferdsleprosjekt og utføre viktige drift- og vedlikehaldsoppgåver på våre fylkesvegar. Geo og skredseksjonen består av eit kompetent fagmiljø innan geoteknikk, ingeniørgeologi, skred og vegteknologi. Vi er i dag 3 geoteknikarar, 7 ingeniørgeologar, 2 vegteknologar og 1 dak-operatør som er fordelt på våre kontorstadar i Leikanger, Voss og Bergen. For denne stillinga vil kontorstad vere Bergen.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores