Now hiring

Vil du arbeide med å ta vare på vatnet vårt - gjevande rådgjevarstilling innan vatn og miljø @ Vestland fylkeskommune

Bergen, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vestland fylkeskommune har ein omfemnande innsats for å ta vare på vatnet vårt og dei som skal leve i vatnet. Dette arbeidet gjer vi i nært samarbeid med kommunar og statlege etatar. Fylkeskommunen er vassregionstyresmakt for Vestland vassregion og har ansvar for å koordinere arbeidet etter vassforskrifta. Målet for arbeidet er å verne om vassførekomstane våre og sikre berekraftig bruk av vatnet. Vassforvaltningsplanen for Vestland er ein heilskapleg plan for vassmiljøet og vassforvaltninga i Vestland. Iverksetjinga av planen skal gje betre miljøtilstand i vassdrag, kystvatn og grunnvatn. Vestland vassregion er pr no delt opp i 9 vassområde, som vert 6 vassområde frå 2028.

Vestland fylkeskommune har ledig ei fast stilling innan vassforvaltning, med gjevande oppgåver der fellesnemnarer er å ta vare på vatnet vårt og dei som lever der. Vi er på søk etter ein drivande og samfunnsinteressert medarbeidar som har kunnskap og interesse for vassforvaltning. Kontorstaden er Leikanger eller Bergen, med ev opning for Stord som kontorplass for særskilt interessanne kandidatar. Du vil finne mange gode kollegaer både internt i vår seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv, og mange gode samarbeidspartnarar i kommunane og hos dei statlege etatane.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores