About this role
Vestland fylkeskommune set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland. Digitalisering og automatisering er viktige verkemiddel for å lykkast med dette, og vi vil frigjere tid frå repeterande arbeid slik at fagfolka våre kan bruke kompetansen sin der han gjer mest nytte. Seksjon IKT er med og leverer tenester til alle innbyggarane i Vestland fylkeskommune. Vi har meir enn 150 ulike IKT-system og ca. 6.500 brukarar spreidd på fleire titals lokasjonar i fylket! Vi har ansvar for lokal IKT-drift av dei fleste IKT-system som vert nytta i Vestland fylkeskommune, samt infrastruktur som knyter saman lokasjonane.
Seksjon IKT skal ta i vare alle IKT-systema og all IKT-infrastruktur, og sikre at dette til ei kvar tid har riktig kapasitet, oppetid og teknisk sikring. I tillegg skal seksjon IKT understøtte brukarane og verksemda sitt behov. Seksjonen er organisert i fem faggrupper; KI og teknologiutvikling, service, systemdrift, tenesteleveranse og kjernedrift og har totalt 91 medarbeidare og 34 lærlingar.
Faggruppa KI- og teknologiutvikling har ansvar for drift og vidareutvikling av Vestland fylkeskommune si KI-teneste Mimir, er KI-trenar for intern- og ekstern chatbot og har ansvar for drift og utarbeiding av skjema og RPA (robotisert prosessautomatisering) m.m. I faggruppa er det no ledig stilling som RPA utviklar, med arbeidsstad Bergen.