Now hiring

LIS3 - Ortopedisk avdeling @ Helse Førde

Førde, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ortopedisk avdeling ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS3 til eit årsvikariat med moglegheit for forlenging. LIS3-vikariat med oppstart 01.01.2027.

For kandidatar som fullfører LIS1-tenesta våren 2027, kan oppstart avtalast frå mars.Om avdelingaDet er god breidde i det ortopediske tilbodet i Helse Førde, med fast tilsette overlegar innan alle fagfelta. Avdelinga har aktivitet ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Eid. Fast arbeidsstad for LIS3 er Førde sentralsjukehus. Ved Lærdal sjukehus har vi skadepoliklinikk måndag til fredag på dagtid. På Nordfjord sjukehus har vi dagkirurgi og skadepoliklinikk. Førde sentralsjukehus har tilbod innan følgjande fagområde: Traumatologi Handkirurgi Skulderkirurgi og skopisk kirurgiProtesekirurgi – hofte, kne, skulder Fot-/ankelkirurgi Ryggkirurgi Avdelinga i Førde har sju LIS3 stillingar og ni LIS1 stillingar.

Vi har ein sengepost med sju døgns drift i Førde. Om regionenFørde sentralsjukehus ligg sentralt til i Sunnfjord kommune, omgitt av storslått natur med gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Regionen byr på eit aktivt kultur- og idrettsmiljø, treningssenter og eit variert fritidstilbod. Førde har gode kommunikasjonar til både Bergen og Oslo, og alle nødvendige tenester og fasilitetar er lett tilgjengelege i nærleiken. Sjekk elles ut kommunen vår på: Sunnfjord kommune. Velkommen til Helse Førde!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores